Hopp til hovedinnhold
Karmsund og kysnesstrand revisjon

Folketeljinga 1910

DatasettAllmenn tilgang 

Beskrivelse

1910-teljinga som opne data Arkivverket skal, som andre statlege organ, leggja ut data slik at andre kan ta dei i bruk på nye måtar og i kombinasjon med datasett frå andre organ. Folketeljinga 1910 er no lagt til rette for det. Ho har vore tilgjengeleg for DIFI si nasjonale tevling Apps4Norge.no i 2013 og Kulturrådet sin hackathon #hack4no i 2014. Vi ser fram mot spanande tenester basert på opne, offentlege data. Teljinga frå 1910 bør vera ei interessant kjelde å arbeida med. Arkivverket tilbyr og data frå 1910-teljinga til prosjektet Kultur og naturreise som er eit samarbeid mellom Kulturrådet, Riksantikvaren, Direktoratet for naturforvaltning, Statens kartverk og Riksarkivet. 330.535 buplassar i Noreg i 1910 Det budde 2.391.782 menneske i Noreg i 1910. Teljinga viser at det var 279.635 bustader på landet og 50.900 bustader i byane. På landet var buplassane knytte til gards - og bruksnummer. Det var og mange husmannsplassar i 1910. I byane var buplassane knytte til gateadresser. Frå datasettet kan du søkja fram og visa på kart kvar dei fleste av desse 330.535 buplassane låg og sjå kven som budde der. Kartfesta alle buplassar Gjennom eit samarbeid med Norsk kulturråd og prosjektet Kultur- og naturreise har Riksarkivaren sett i gang eit arbeid med å kartfesta alle dei 330.535 buplassane i 1910. Dette vert ein viktig del av datagrunnlaget som etaten vil tilby. Per januar 2014 har vi fått på plass koordinatar for om lag 80 % av desse bustadane gjennom å køyra saman dagens matrikkel (register over gardar, bruk og gatedresser) med opplysningane i teljinga. Det som vi ikkje har fått med på denne måten, må ein ta på andre og meir manuelle måtar. Her vil det og liggja til rette for aktiv innsats frå lokalkjende kring i landet. Teljinga i 1910 er den første kjelda som vi kartfestar. Arkivverket har svært mykje data som kan egna seg til å presentera på kart.

Distribusjoner
1

Last ned
Beskrivelse:

API som opererer mot Digitalarkivets meta- og innholdsdatabase. Dataene blir returnert i JSON-format.

TilgangsURL:
http://xml.arkivverket.no/folketellinger/API_1910_koord.pdf
Direkte nedlastning:
Ikke oppgitt
API:
Ikke oppgitt
Dokumentasjon:
Ikke oppgitt
Lisens:
I samsvar med:
Ikke oppgitt

API-er som tilgjengeliggjør dette datasettet
0

Ingen registrerte API-er tilgjengeliggjør dette datasettet.

Lignende datasett

KulturNavKarmsund og kysnesstrand revisjon
Allmenn tilgang
Åpne vitenarkiv (Brage)Karmsund og kysnesstrand revisjon
Allmenn tilgang
Farevarsler fra METKarmsund og kysnesstrand revisjon
Allmenn tilgang
Statistikk på kartKarmsund og kysnesstrand revisjon
Allmenn tilgang
Vannverk - behandlingsanleggKarmsund og kysnesstrand revisjon
Allmenn tilgang